Offentlig og kvalitetssikret

Utveksling frå studieprogram i Noreg

Held du på med ein bachelor- eller mastergrad i Noreg – og drøymer du om å studere i utlandet? Visste du at det er mogleg å få til begge delar?

Alle norske studieprogram er pålagde å leggje til rette for at du som student skal kunne ta utvekslingsopphald i utlandet i løpet av studia. Det vanlege er å ta eitt semester ute, men det kan også vere mogleg å ta to semester utanlands dersom graden din gjev rom for det.

Utanlandsopphaldet må godkjennast før du dreg ut, og blir då ein del av den norske graden din. Dette betyr at du får dei studiepoenga du treng, og at du ikkje vil tape tid. Og dessutan er stipendordningane temmeleg gode.

Kvar kan du dra? Og i kva for eit semester? Og korleis kjem du i gang? Svara kan du finne ved å ta kontakt med studierettleiaren din. Snakk også med det internasjonale kontoret på studiestaden din.

Under finn du lenkjer til norske universitet og høgskular. Gå inn på lærestaden din og sjå kva slags utvekslingstilbod institusjonen har. Du finn også generell informasjon om kva utveksling er, og kva moglegheiter som finst.

Merk deg også at slik utveksling ikkje berre handlar om å reise ut for å studere. Du kan også velje å reise ut og ta praksisopphald ved ein arbeidsplass i utlandet.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Senter for Internasjonalisering av utdanning (SIU) | Copyright © 2017
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern