Offentlig og kvalitetssikret

Vidaregåande

Er du sjølvstendig og eventyrlysten? Vil du oppleve meir, og bli meir? Lære språk slik at det sit og følgjer deg resten av livet? Enten du går på studieførebuande eller yrkesfag, er det fleire vegar til eit kortare eller lengre opphald i utlandet. Nedanfor finn du ei oversikt over ordningar som gjeld for elevar  og lærlingar i vidaregåande skule.

Utveksling på Vg2 gjennom utvekslingsorganisasjon

Kva er dette?
I Norge finst det mange organisasjonar som tilbyr utveksling for elevar som vil ta Vg2 i utlandet. Organisasjonane er små eller store, kommersielle eller ideelle, og dei tilbyr utveksling til få eller mange land. Bruk derfor gjerne litt tid på å sette deg inn i kva dei einskilde organisasjonane tilbyr og kva dei står for.

For deg som…
… skal opp i VG2 (andre året på vidaregåande)

Kor lenge?
Heile VG2

Til kva for land?
Elevar i Vg2 kan velje  mellom 30-  40 land. Dei fleste utvekslingselevane reiser til USA eller Europa

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Før du reiser, må du søkje om eit førehandstilsegn om godkjenning av utvekslingsåret. Både organisasjonen du reiser med og rådgivar ved skulen skal hjelpe deg med å skaffe den nødvendige dokumentasjonen.
Dersom du får året godkjent, kan du gå direkte vidare til Vg3 når du kjem heim. Meir informasjon om godkjenning av videregåande opplæring i utlandet finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider .

Kva kostar det?
Dersom du har fått førehandstilsegn om  godkjenning av utvekslingsåret  og reiser gjennom ein godkjend organisasjon, har du rett til stipend frå Statens Lånekasse. Kostnadene varierer på dei ulike tilboda frå organisasjonane. Stipendet vil oftast ikkje dekke alt.

Korleis kan du bli med her?
Ta kontakt med utvekslingsorganisasjonane for å finne eit utvekslingsprogram som passar deg. For å ha rett til stipend frå Statens Lånekasse, må du reise med ein godkjend utvekslingsorganisasjon. Sjå liste over godkjende utvekslingsorganisasjonar.

Kva hjelp kan eg få frå organisasjonen?
Organisasjonane som er godkjende, skal mellom anna:

  • Informere og førebu elevar og føresette i forkant av utvekslingsopphaldet
  • Hjelpe til med å skaffe den dokumentasjonen du treng for å få førehandstilsegn om godkjenning
  • Plassere elevane  i eigna vertsfamiliar eller internat
  • Følgje opp elevar medan dei er i utlandet

Dersom eg får problem, kva gjer eg?

Alle som reiser ut, må rekne med å møte på utfordringar. I dei fleste fall vil du finne ei løysing på utfordringane i dialog med vertsfamilien eller skulen. Dette er utfordringar du veks på! Andre gonger er problema større. I så fall skal du ikkje nøle med å søkje hjelp.

  • Meld frå til kontaktpersonen din på staden.  Det er rimeleg å forvente at kontaktpersonen skal følgjer opp og hjelper deg slik at problemet vert løyst.
  • Dersom du ikkje får hjelp av vertsfamilien eller kontaktpersonen din, må du melde frå til organisasjonen heime i Noreg. Dei har eit ansvar for å sikre at du får den hjelpa du treng.
  • ANSA, den norske interesseorganisasjonen for studentar og elevar i utlandet, har eit verdsomspennande kontaktnett  med lokale representantar. Dersom du er medlem av ANSA, kan du kontakte dei og be om råd.

Det er Forbrukerrådet som er klageinstans om du ikkje meiner at organisasjonen du har reist med, ikkje har gitt deg eit tilbod som er i samsvar med detdet tilbodet du har betalt for. Du må vere førebudd på å kunne gi detaljerte forklaringar, så før gjerne dagbok. 

Utveksling på Vg2 gjennom samarbeidsavtale

Kva er dette?
Mange skular har samarbeidsavtale med ein eller fleire utanlandske skular, som gjer det mogleg for elevar og lærlingar å ta deler av eller heile Vg2 i utlandet. 

For deg som
… skal opp i VgG2 (andre året på vidaregåande)

Kor lenge?
Deler av eller heile Vg2, avhengig av kva avtale skulen din har

Til kva for land?
Samarbeidsavtalar kan vere med skular i heile verda, men dei fleste avtalane er med skular i  Storbritannia.

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Skulen sørgjer for at du får eit studietilbod i utlandet som gjer at du ikkje blir forsinka i utdanninga. Du skal kunne gå direkte vidare til Vg3 når du kjem heim.

Kva kostar det?
Dersom  du reiser gjennom ein godkjend samarbeidsavtale, har du rett til stipend frå Statens Lånekasse. Kostnadene varierer mellom dei ulike samarbeidsprogramma. Stipendet vil oftast ikkje dekke alt.

Korleis kan du komme med på dette?
Avtalane gjeld til vanleg  elevane ved skulen som har samarbeidsprogram. På nokre av programma er det mogleg å søkje også for elevar frå andre skular  Ta kontakt med rådgivar på skulen for meir informasjon. liste over vidaregåande skular med godkjende samarbeidsprogram

Kva hjelp kan eg få frå skulen?
Skulen i Noreg skal mellom anna:

  • Informere og førebu elevar og føresette i forkant av utvekslingsopphaldet
  • Plassere elevane  i eigna vertsfamiliar eller internat
  • Følgje opp elevane  medan dei er i utlandet

Dersom eg får problem, kva gjer eg?
Alle som reiser ut, må rekne med å møte på utfordringar. I dei fleste fall vil du finne ei løysing på utfordringane i dialog med vertsfamilien eller skulen. Dette er utfordringar du veks på! Andre gonger er problema større. I så fall skal du ikkje nøle med å søkje hjelp.

  • Meld frå til kontaktpersonen din på staden. Kontaktpersonen skal følgje opp og hjelpe deg slik at problemet vert løyst.
  • Dersom du ikkje får hjelp av vertsfamilien eller kontaktpersonen din, må du melde frå til skulen din heime i Noreg. Dei har eit ansvar for å sikre at du får den hjelpa du treng.
  • ANSA, den norske interesseorganisasjonen for studentar og elevar i utlandet, har eit verdsomspennande kontaktnett  med lokale representantar. Dersom du er medlem av ANSA, kan du kontakte dei og be om råd.

Det er fylkeskommunen som er  klageinstans om du meiner  skulen ikkje har gitt deg det tilbodet du har betalt for.

3-årig videregåande i Frankrike

Kva er dette?

Gjennom SIU kan elevar ta heile vidaregåande på tre ulike skular (studiespesialisering).

For deg som…
… skal byrje på vidaregåande eller skal opp i VG2 (andre året på vidaregåande)

Kor lenge?
Heile vidaregåande

Til kva for land?
Frankrike

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Du får fransk baccalauréat og kan fortsetje å studere ved universitet i heile verda, inkludert Noreg. I tillegg får du undervisning i norsk frå ein norsk lærar gjennom heile skuletida. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen og frå SIU.

Korleis kan du bli med her?
Les meir om 3-årig videregåande i Frankrike her.

Institut français studiespesialisering

Kva er dette?
Gjennom Institut français de Norvège kan elevar ta første året på vidaregåande i Frankrike (studiespesialisering).

For deg som…
… skal byrje på vidaregåande

Kor lenge?
Heile VG1

Til kva for land?
Frankrike

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Du får godkjent første året på vidaregåande og kan fortsetje på VG2 heime i Noreg. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen.

Korleis kan du bli med her?
Les mer om ordninga og ta kontakt med Institut français

Institut français Restaurant- og matfag

Kva er dette?
Gjennom Institut français de Norvège kan elevar ta treårig restaurant- og matfag i Frankrike.

For deg som…
… har gjennomført VG1 restaurant- og matfag og skal opp i VG2 (andre året på vidaregåande)

Kor lenge?
Heile vidaregåande

Til kva for land?
Frankrike

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Utdanninga er treårig og fører fram til diplomet «Baccalauréat professionnel Cuisine», som er likestilt med norsk fagbrev som kokk. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen.

Korleis kan du bli med her?
Les mer om ordninga og ta kontakt med Institut français de Norvège.

Institut français Akvakultur

Kva er dette?
Gjennom Institut français de Norvège kan elevar ta treårig akvakulturfag i Frankrike.

For deg som…
… har gjennomført VG1 naturbruk og skal opp i VG2 (andre året på vidaregåande)

Kor lenge?
Heile vidaregåande

Til kva for land?
Frankrike

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Utdanninga er treårig og fører fram til diplomet «Baccalauréat professionnel Productions aquacoles», som er likestilt med norsk fagbrev i akvakultur. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen.

Korleis kan du bli med her?
Les mer om ordninga og ta kontakt med Institut français de Norvège.

United World College (UWC)

Kva er dette?
UWC er ei utdanningsrørsle som bringer ungdomar frå heile verda saman på 16 vidaregåande skular i ulike land. Du får IB Diploma etter fullført utdanning.

For deg som…
… skal opp i VG2 (andre året på vidaregåande). For deg som går på studiespesialisering, idrett, musikk/dans/drama, kunst, design og arkitektur eller medium og kommunikasjon.

Kor lenge?
VG2 og VG3 (2 år)

Til kva for land?
Canada, USA, Nederland, England, Tyskland, Bosnia, Italia, Hongkong, Singapore, India, Thailand, Swaziland (Sør-Afrika), Armenia, Norge, Kina, Costa Rica

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Du får IB-diplom og kan fortsetje å studere ved universitet i heile verda, inkludert Noreg.

Korleis kan du bli med her?
Les meir om UWC og ta kontakt med UWC Norge eller SIU.

Tyske stipend

Kva er dette?
Tyskland tilbyr eigne stipend til norske elevar som er interesserte i tysk språk og kultur. Stipenda dekkjer reise og opphald i tre eller fire veker i løpet av sommaren, og deltakarane blir kursa i tysk språk og kultur.

For deg som...
Går på vidaregåande skule og har gode tyskkunnskapar (som svarar til tysk nivå 2), og som er interessert i å lære meir om tysk språk og kultur.

Kor lenge?
Tre eller fire veker i løpet av sommaren. Det finst to litt ulike typar stipend som avgjer kor langt opphaldet blir.

Til kva for land?
Tyskland

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Det får ingen konsekvensar for utdanninga di anna enn at du blir flinkare i tysk. Opplegget går føre seg i sommarferien.

Korleis kan du bli med her?
Snakk med tysklæraren din eller rådgjevaren på skulen. Dei kan eventuelt ta kontakt med Senter for internasjonalisering av utdanning. Det er skulane som søkjer om plass for elevane.

Moglegheiter hos skulane og fylkeskommunane

Kva er dette?
Mange vidaregåande skular og fylkeskommunar har ulike samarbeidsavtaler med skular rundt om i verda.

For deg som...
...tek studieførebuande eller går på fag- og yrkesopplæring, anten du er elev eller lærling

Kor lenge?
Lengda på opphaldet varierer etter avtalene skulane har – frå to veker til eit heilt år.

Til kva for land?
For det meste europeiske land, men også ein del land utanfor Europa

Kva betyr dette for utdanninga mi?
Alle desse avtalene inneber at du ikkje går glipp av noko heime, og du blir altså ikkje forseinka i utdanninga.

Korleis kan du bli med her?
Sjekk med skulen eller opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og spør om dei har tilbod om utanlandsopphald på vidaregåande. Det er best å sjekke dette før du vel skule, men det er ikkje for seint å sjekke om du allereie er i gang med utdanninga.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Senter for Internasjonalisering av utdanning (SIU) | Copyright © 2017
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern