Offentlig og kvalitetssikret

– Mange norske leiarar seier: Du får ikkje ei toppleiarstilling om du ikkje har studert eller jobba utanlands, punktum, seier Even Bolstad.

Bedrifter jaktar på kandidatar med internasjonal erfaring

Framtidas bedrifter er stadig meir internasjonale. Og dei ser etter internasjonale talent. Då blir det å skjøne den internasjonale konteksten ein kompetanse i seg sjølv.

Det meiner Even Bolstad, dagleg leiar i HR Norge, ein medlemsorganisasjon for alle som jobbar med HR, personal og leiing i Noreg.

Dette er råda hans til norske studentar:

• Reis ut!
• Vel ein skule med godt rykte og internasjonalt studiemiljø.
• Ver audmjuk, søkjande og lærande – også utanom det faglege.
• Vurder om du skal ta delar av utdanninga di utanlands og resten i Noreg. Slik får du det beste av to verder.

Stor fordel

– Arbeidslivet i Noreg blir stadig meir internasjonalt. Éi side av dette er at internasjonale verksemder etablerer seg her, ei anna at arbeidsstokken blir stadig meir mangfaldig. Dette inneber at framtidas talent, også i Noreg, har bakgrunn frå ei rekkje ulike kulturar og land, seier Bolstad.

– Dei største norske bedriftene er større i utlandet enn i Noreg. Store konsern er målretta internasjonalt søkjande. Det er ein stor fordel å ha internasjonal erfaring dersom du ønskjer deg jobb der, peikar Bolstad på.

Han meiner at det same gjeld internasjonale bedrifter i Noreg.

– Internasjonale selskap i Noreg ser gjerne etter nordmenn som kan jobbe for dei. For dei er det mykje tryggare å tilsetje ein nordmann med internasjonal erfaring enn ein utan.

Reduserer risiko

Rekruttering og tilsetjing er nemleg ein risikosport, poengterer Bolstad.

– Når vi tilset, prøver vi å redusere den såkalla negative risikoen. Ei internasjonalt retta bedrift vil sjå etter kandidatar som har internasjonal erfaring. Mangel på slik erfaring er ein negativ risiko.

– Som jobbsøkjar må du kunne hake av: «Ja, eg har vore utanlands, klart meg bra og fått ei rekkje internasjonale læringsopplevingar.» Kan du hake av for det, så betyr det mindre risiko for bedrifta som skal tilsetje deg.

Du lærer å navigere

Kort sagt: Framtidas bedrifter er internasjonale. Og dei ser etter internasjonale talent.

Då blir det å skjøne den internasjonale konteksten ein kompetanse i seg sjølv. Utdanning utanlands gjev deg kulturforståing i vid forstand. Du får ein større radar. Du blir mindre etnosentrisk og meir i stand til å sjå kvalitetar i andre land og kulturar også, seier Bolstad.

Slik han vurderer det, er kulturforståing det aller viktigaste du lærer ved å studere i utlandet. Det handlar om mykje meir enn å lese fransk litteratur og sjå fransk film om du studerer i Frankrike.

– Det handlar om å lære seg å navigere i ulike miljø, bli meir audmjuk, få meir respekt. Du har jobba saman med franskmenn, du har provosert ein serbar, du har opplevd at i Japan gjer ein ting sånn og slik, og at dialogen må vere litt annleis enn i Noreg. Alle desse faktorane som vi veit at nordmenn ikkje nødvendigvis er så flinke med. Slagordet «Det er typisk norsk å vere god» er ei skummel haldning, seier Bolstad.

Han viser til internasjonale forhandlingar, som er svært krevjande og fungerer heilt forskjellig avhengig av kulturkonteksten dei går føre seg i. Han har sjølv vore leiar for fleire internasjonale prosjektgrupper og sete i internasjonale styre.

– Dersom du då ikkje skjønar den kulturelle ryggsekken, både din eigen og dei andre sine, slit du veldig.

Dei beste universiteta

Bolstad ramsar opp fleire andre tilleggsverdiar ved å studere utanlands. Du får språkkompetanse, og det trengst i arbeidslivet. Du får eit internasjonalt nettverk.

Og ikkje minst: Du får tilgang til dei beste universiteta. Men kvaliteten varierer der ute, så tipset hans er at det gjeld å velje rett.

– Vi ser no ein tendens også her i Noreg til at arbeidsgjevarar spør: «Kva slags skule gjekk du på – og korleis gjorde du det der?» Prestisjeskular opnar dører, for dei betyr at du har vore i eit ekstremt godt læringsmiljø.

– Du får vere i eit internasjonalt miljø, og du lærer enormt mykje av medstudentane dine. Internasjonale miljø gjev optimal læring, seier Bolstad.

Difor rår han norske studentar til å velje seg lærestader utanlands som er tydeleg internasjonale og trekkjer til seg kloke hovud frå heile verda.

Studerte i London

Bolstad har sjølv opplevd eit internasjonalt læringsmiljø. Han tok det meste av utdanninga si i Noreg, men har i tillegg ei toppleiarutdanning frå London.

– Eg studerte saman med fantastiske, dyktige studentar frå mange land. Lærarkreftene var også heilt topp. I etterkant ser vi nok at vi lærer aller mest av medstudentane våre. Vi blei styrte inn i situasjonar der kultur og forskjellar blei synlege. Det internasjonale klasserommet byggjer kulturforståing og gjev enormt mykje læring, seier Bolstad.

– Og du må starte frå scratch. Du får ei case-oppgåve: å operere i ein annan kultur, å starte livet ditt på nytt, i ein heilt ny kontekst. Det er i seg sjølv ei enorm læringsoppgåve.

Nyttig erfaring

Even Bolstad dreg nytte av studieerfaringa frå London omtrent kvar dag i jobben som leiar for HR Norge, seier han.

Det handlar for det første om nettverk.

– Eg brukar nettverket nesten dagleg. Seinast i går var eg ute her i Oslo og åt middag med ein tysk toppleiar som eg studerte med i London.

For det andre handlar det om kulturforståing og tenkjemåtar.

– Når eg leier internasjonale grupper, brukar eg kompetansen frå møte med enkeltpersonar i studietida i London. Den kulturelle ryggsekken og tenkjemåtane i for eksempel det gamle Aust-Europa er veldig ulike våre. Då blir dialogen også annleis. Samtidig blir du utfordra på dine eigne verdiar. Alt dette gjev så mykje læring.

Tekst: Runo Isaksen/SIU

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Senter for Internasjonalisering av utdanning (SIU) | Copyright © 2017
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern