Offentlig og kvalitetssikret

– Eit Erasmus-opphald på eit halvt år gjev ein personlegdomsvekst som svarer til fire år utan Erasmus, blir det sagt i rapporten. Det er oppsiktsvekkjande tal, seier Vidar Pedersen.

Utanlandserfaring skaper fleire gründerar

Studie- eller praksisopphald utanlands aukar sjansen for å bli gründer og reduserer risikoen for å bli arbeidsledig, viser ein stor europeisk studie.

Kvart år dreg om lag 1600 norske studentar på Erasmus-opphald i Europa, vanlegvis i eitt eller to semester, som del av ein norsk grad.

Samtidig kjem rundt 5500 europearar på Erasmus-stipend til Noreg kvart år.

Erasmus-opphald bidreg til entreprenørskap, ifølgje studien. Det gjev særleg tydelege utslag i Aust- og Sør-Europa, men også i vest og nord. I studien kjem Noreg inn under region «nord», som inkluderer Norden og Storbritannia.

Sju prosent gründerar

– Sju prosent av tidlegare Erasmus-studentar i Nord-Europa har allereie starta sine eigne bedrifter. Nesten 30 prosent planlegg å gjere det. Dette er høge tal, seier Vidar Pedersen, avdelingsdirektør på SIU.

Han tek eit lite atterhald: Studien samanliknar nemleg ikkje Erasmus-studentar med andre studentar, så det er vanskeleg å analysere tala. Men sju prosent ligg nok godt over gjennomsnittet, meiner Pedersen.

Ifølgje Pedersen er det mykje som talar for at studentar med internasjonal erfaring har betre føresetnader for å lukkast som gründerar enn andre.

– Gjennom Erasmus-opphaldet får studentane eit internasjonalt nettverk og større språk- og kulturkompetanse, kanskje også større kunnskapar om marknader. Alt dette vil vere til hjelp. Men det handlar også mykje om personlegdom.

Etterspurde personlegdomstrekk blir styrkte

Studien peikar på nokre svar på kvifor studie- eller praksisopphald utanlands aukar sjansen for å bli gründer og reduserer risikoen for å bli gåande arbeidsledig.

Studien inkluderer nemleg personlegdomstestar av studentane, både før dei drog ut og etter at dei kom heimatt. Testen er basert på seks såkalla «memofaktorar», som er nært knytte til kor attraktiv ein person er på arbeidsmarknaden.

Desse seks faktorane er: toleranse for kulturen og meiningane til andre, tilpassingsevne, openheit/nyfikne, tillit til eigen kompetanse, handlekraft og evne til problemløysing.

– Her er det to interessante funn. For det første: Studentar som reiser ut, skårar i utgangspunktet høgare enn andre studentar på alle desse personlegdomstrekka. Og så: Erasmus-erfaringa styrkjer desse trekka. Eit Erasmus-opphald på eit halvt år gjev ein personlegdomsvekst som svarer til fire år utan Erasmus, blir det sagt i rapporten. Det er oppsiktsvekkjande tal, seier Pedersen.

Fleire bør reise ut

Dei seks «memofaktorane» har blitt testa ut på bedrifter over heile Europa, med spørsmålet: Kor viktige er slike personlegdomstrekk i samband med rekruttering og fagleg utvikling av dine tilsette?

Snittet for svara ligg på heile 93 prosent. Nord-Europa ligg aller høgst, med 98 prosent.

– Europeiske bedrifter ser altså etter kandidatar med visse personlegdomstrekk eller typar kompetanse som Erasmus-studentar allereie har, og som så blir styrkte gjennom eit utanlandsopphald. Dette er eit godt argument for at fleire norske studentar burde ta eit studie- eller praksisopphald utanlands, seier Pedersen.

Praksisopphald gjev best utteljing

I Erasmus-programmet kan studentar velje mellom studie- eller praksisopphald utanlands. Særlig praksisopphald gjev direkte, positive utslag. Ein av tre studentar får tilbod om fast jobb i bedrifta etter praksisopphaldet. I land som Italia og Portugal får halvparten tilbod om fast jobb.

Av dei om lag 1600 norske studentane som dreg ut på Erasmus-opphald kvart år, vel berre rundt 100 eit praksisopphald. Resten dreg på klassiske studieopphald.

– På SIU vil vi gjerne at enno fleire norske studentar tek praksisopphald utanlands. Då får dei arbeidserfaring frå eit anna land, med ein annan arbeidsmarknad og eit anna språk. Det kan gje mange fordelar i framtidas arbeidsmarknad, seier Vidar Pedersen.

Blir sjeldnare arbeidsledige

Arbeidsløysa har vore høg i Sør-Europa i fleire år, og er også stigande i Noreg. Studien viser at studentar som har vore på Erasmus-opphald, klarer seg betre på arbeidsmarknaden enn andre studentar. I Sør-Europa og Aust-Europa, der arbeidsløysa er høgare enn i vest og nord, er utslaga særleg tydelege.

– I Aust-Europa reduserer du risikoen for å bli langtidsledig med heile 83 prosent om du har vore på eit Erasmus-opphald. Det ser ut til at jo høgare arbeidsløysa er, jo sterkare positive utslag gjev Erasmus-opphald. Det er viktig for oss i Noreg å merke oss dette no som arbeidsløysa stig, seier Vidar Pedersen.

Tekst: Runo Isaksen/SIU

The Erasmus Impact Study

  • Analyse av effekter som Erasmus-opphold har på personlighet, ferdigheter og karrierer.
  • Studien omfatter svar fra over 70.000 nåværende og tidligere studenter (med og uten Erasmus-opphold), ansatte i høyere utdanning, og arbeidsgivere.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Senter for Internasjonalisering av utdanning (SIU) | Copyright © 2017
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern